12 Forlat oss vår skuld,som vi òg forlèt ¬våre skuldmenn.
13 Før oss ikkje ut i freisting,men frels oss frå det vonde.For riket er ditt, ¬og makta og æra i all æve.¬Amen.
14 For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg.
15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer.
16 Når de fastar, skal de ikkje gjera dykk sturne som hyklarane; dei skaper seg til, så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.
17 Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,
18 så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.