15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer.
16 Når de fastar, skal de ikkje gjera dykk sturne som hyklarane; dei skaper seg til, så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.
17 Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,
18 så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.
19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel.
20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.
21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera.