14 Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at vermor hans låg sjuk og hadde feber.
15 Han tok henne i handa; då gav feberen seg, og ho stod opp og stelte for han.
16 Om kvelden kom dei til han med mange som var forgjorde av vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord, og lækte alle som var sjuke.
17 Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala ved profeten Jesaja:Han tok bort våre plagerog bar våre sjukdomar.
18 Då Jesus såg alt folket som hadde samla seg ikring han, sa han til læresveinane: «Lat oss fara over til hi sida av sjøen.»
19 Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil fylgja deg kvar du går.»
20 Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»