19 Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil fylgja deg kvar du går.»
20 Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»
21 Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min.»
22 Men Jesus svara: «Fylg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»
23 Så gjekk han ut i båten, og læresveinane fylgde han.
24 Brått bles det opp til storm på sjøen, og bylgjene slo over båten. Men Jesus sov.
25 Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels! Vi går under!»