1 Herren tala til Moses i teltheilagdomen i Sinai-ørkenen. Det var på den første dagen i den andre månaden i det andre året etter at dei drog ut frå Egypt. Han sa:
2 Tel opp heile Israels forsamling, slekt for slekt og familie for familie, og skriv opp namna på alle menn, hovud for hovud.
3 Du og Aron skal mønstra alle stridsføre i Israel som er tjue år eller meir, hæravdeling for hæravdeling.
4 Ta med dykk éin mann for kvar stamme, han som er leiar for familiane.
5 Dette er namna på dei mennene som skal stå saman med dykk: Frå Ruben: Elisur, son til Sjede'ur;
6 frå Simon: Sjelumiel, son til Surisjaddai;