1 Så kom heile forsamlinga av israelittar til Sin-ørkenen. Det var i den første månaden, og dei slo seg ned i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.
2 Men det var ikkje vatn til dei, og dei slo seg saman mot Moses og mot Aron.
3 Folket tretta med Moses og sa: «Gjev vi hadde omkome då brørne våre omkom for Herrens andlet!
4 Kvifor har de ført Herrens forsamling ut i denne ørkenen så vi må døy her, både vi og feet vårt?
5 Kvifor førte de oss opp frå Egypt når de lét oss koma til denne elendige staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vinstokk eller granateple, og ikkje vatn å drikka?»
6 Moses og Aron gjekk bort frå forsamlinga til opninga i teltheilagdomen. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei,
7 og Herren sa til Moses:
8 «Ta staven og kall forsamlinga saman, du og Aron, bror din. De skal tala til berget for auga på dei. Då skal det gje frå seg vatn. Du skal få vatn til å strøyma ut til dei frå berget. Slik skal du la folk og buskap få drikka.»
9 Moses tok staven som låg for Herrens andlet, slik han hadde pålagt han.
10 Han og Aron kalla forsamlinga saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de opprørarar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma ut til dykk frå dette berget?»
11 Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då fossa vatnet fram, og både folket og buskapen deira drakk.
12 Men Herren sa til Moses og Aron: «De trudde ikkje på meg og helga meg ikkje for auga på israelittane. Difor skal de ikkje få føra denne forsamlinga inn i det landet eg har gjeve dei.»
13 Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han viste at han er heilag.
14 Frå Kadesj sende Moses bodberarar til kongen i Edom: «Så seier Israel, bror din: Du veit kor mange vanskar vi har møtt.
15 Fedrane våre drog ned til Egypt, og vi budde i Egypt i lang tid. Men egyptarane mishandla oss og fedrane våre.
16 Då ropa vi til Herren, og han høyrde ropa våre. Han sende ein engel og førte oss ut frå Egypt. Sjå, no er vi i Kadesj, ein by som ligg nær grensa til landet ditt.
17 Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje gå gjennom åkrar eller vinmarker og ikkje drikka vatn or brønnane. Vi skal følgja kongsvegen og ikkje ta av korkje til høgre eller til venstre før vi har kryssa landområdet ditt.»
18 Men svaret frå Edom var: «Du får ikkje dra gjennom hos meg. Gjer du det, kjem eg ut og møter deg med sverd.»
19 Då sa israelittane til han: «Vi vil følgja hovudvegen, og dersom eg eller buskapen min drikk av vatnet som høyrer deg til, skal eg betala for det. Det er inga stor sak, eg vil berre få dra gjennom landet til fots.»
20 Men han svara: «Du får ikkje dra gjennom!» Og Edom drog ut mot dei med ein velvæpna hær og med sterk hand.
21 Edom nekta israelittane å fara gjennom landet hans, og Israel bøygde av.
22 Så braut dei opp frå Kadesj, og heile Israels forsamling kom til Hor-fjellet.
23 Herren tala til Moses og Aron på Hor-fjellet, ved grensa mot Edom-landet. Han sa:
24 «No skal Aron bli sameina med folket sitt. Han får ikkje koma inn i det landet eg har gjeve israelittane, for de sette dykk opp mot det eg sa ved Meriba-kjelda.
25 Ta Aron og Elasar, son hans, og før dei opp på Hor-fjellet.
26 Ta prestekleda av Aron og kle dei på Elasar, son hans! For der skal Aron bli sameina med folket sitt og døy.»
27 Moses gjorde som Herren hadde pålagt han. Medan heile forsamlinga såg på, steig dei opp på Hor-fjellet.
28 Moses tok prestekleda av Aron og kledde Elasar, son hans, med dei. Så døydde Aron der oppe på toppen av fjellet. Då Moses og Elasar kom ned att,
29 skjøna heile forsamlinga at Aron var død. Og heile Israels hus gret over Aron i tretti dagar.