4. Mosebok 28 N11NN

Lov om ofring på høgtidsdagar

1 Herren sa til Moses:

2 Gjev israelittane dette påbodet og sei til dei: Mine offer av mat, gåveoffer til godange for meg, må de syta for å bera fram for meg til fastsett tid.

3 Du skal seia til dei: Dette er gåveofferet som de skal bera fram for Herren: kvar dag to årsgamle lam utan feil. Det er det daglege brennofferet.

4 Det eine lammet skal du ofra om morgonen, det andre skal du ofra i skumringa.

5 Som grødeoffer skal du bera fram ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven.

6 Dette er det daglege brennofferet, som først vart frambore ved Sinai-fjellet, eit gåveoffer til godange for Herren.

7 Drikkofferet som høyrer til det første lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer sterk drikk som du heller ut for Herren i heilagdomen.

8 Det andre lammet skal du ofra i skumringa, og du skal ofra det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.

9 På sabbatsdagen skal du ofra to årsgamle lam utan feil, og som grødeoffer to tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje og drikkofferet som høyrer til.

10 Dette er sabbats-brennofferet, eit brennoffer for kvar sabbat, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

11 På nymånedagane skal de bera fram brennoffer for Herren: to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil.

12 For kvar okse skal de som grødeoffer bera fram tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje, for den eine vêren to tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje

13 og for kvart lam ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med olje. Det skal vera brennoffer til godange, eit gåveoffer for Herren.

14 Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for vêren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året.

15 Ein geitebukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, i tillegg til det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

16 Den fjortande dagen i den første månaden er det påske for Herren.

17 Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid. Då skal det etast usyra brød i sju dagar.

18 Den første dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid.

19 Som gåveoffer, brennoffer for Herren, skal de bera fram to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam, og dei må vera utan feil.

20 Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for vêren

21 og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

22 Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer til soning for dykk.

23 Dette skal de ofra i tillegg til den delen av det daglege brennofferet som blir frambore om morgonen.

24 Slik skal de bera fram offer dagleg i sju dagar, som mat, som gåveoffer til godange for Herren. Det skal ofrast i tillegg til det daglege brennofferet, med drikkofferet som høyrer til.

25 Den sjuande dagen skal det vera heilag samling for dykk. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid.

26 På førstegrødedagen, når de feirar vekefesten og ber fram for Herren offer av den nye grøda, skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko tungt arbeid.

27 De skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: to unge oksar, ein vêr og sju årsgamle lam.

28 Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for vêren

29 og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

30 Ein geitebukk skal de bera fram til soning for dykk.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36