18 Så kalla dei heile forsamlinga saman, den første dagen i den andre månaden. Alle som var tjue år eller meir, vart innførte i namnelister etter slekter og familiar, hovud for hovud.
19 Moses mønstra folket i Sinai-ørkenen, slik Herren hadde pålagt han.
20 Etterkomarane av Ruben, Israels førstefødde, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne, hovud for hovud.
21 46 500 vart mønstra i Ruben-stammen.
22 Etterkomarane av Simon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart mønstra, hovud for hovud.
23 59 300 vart mønstra i Simon-stammen.
24 Etterkomarane av Gad vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.