30 Etterkomarane av Sebulon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.
31 57 400 vart mønstra i Sebulon-stammen.
32 Etterkomarane av Efraim, son til Josef, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.
33 40 500 vart mønstra i Efraim-stammen.
34 Etterkomarane av Manasse vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.
35 32 200 vart mønstra i Manasse-stammen.
36 Etterkomarane av Benjamin vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.