45 Israelittane vart mønstra, familie for familie, alle stridsføre i Israel som var tjue år eller meir.
46 I alt var det 603 550 som vart mønstra.
47 Men levittane vart ikkje mønstra etter fedrestammen sin saman med dei andre.
48 For Herren hadde sagt til Moses:
49 Berre Levi-stammen skal du ikkje mønstra. Dei skal du ikkje telja saman med dei andre israelittane!
50 Men du skal setja levittane til å ha tilsyn med bustaden for vitnemålet, med alle tinga der og alt som høyrer til. Dei skal bera bustaden og alle tinga som er i han, og gjera teneste i bustaden, og dei skal slå leir kring han.
51 Når bustaden skal flyttast, skal levittane ta han ned. Og når han skal reisast, skal levittane setja han opp. Om ein framand kjem nær han, skal han døy.