51 Når bustaden skal flyttast, skal levittane ta han ned. Og når han skal reisast, skal levittane setja han opp. Om ein framand kjem nær han, skal han døy.
52 Israelittane skal slå leir, hæravdeling for hæravdeling, kvar mann i sin leir og under sitt banner.
53 Men levittane skal slå leir kring vitnemålsbustaden, så ikkje vreide skal koma over Israels forsamling. Levittane skal ha tilsyn med vitnemålsbustaden.
54 Dette gjorde israelittane. Alt Herren hadde gjeve Moses påbod om, gjorde dei.