27 Hærførar for Naftali-stammen var Ahira, son til Enan.
28 Slik var avmarsjen då israelittane drog av stad, hæravdeling for hæravdeling.
29 Moses sa til svogeren sin, Hobab, son til Re'uel frå Midjan: «No bryt vi opp og dreg til den staden som Herren sa han ville gje oss. Kom med oss, så skal vi sørgja godt for deg. For Herren har lova det gode for Israel.»
30 Hobab svara: «Eg blir ikkje med, eg går heller heim til mitt eige land og mi eiga slekt.»
31 Då sa Moses: «Gå ikkje frå oss! Du veit best kvar vi skal slå leir i ørkenen. Du må vera auge for oss.
32 Går du med oss, skal vi la alt det gode som Herren gjer mot oss, òg koma deg til gode.»
33 Så braut dei opp og drog frå Herrens fjell, tre dagsreiser. Og Herrens paktkiste drog føre dei, tre dagsreiser, for å finna ein kvilestad for dei.