1 Folket tok til å klaga bittert til Herren. Då Herren høyrde det, vart vreiden hans tend. Herrens eld flamma opp mellom dei og herja i utkanten av leiren.
2 Folket ropa til Moses, og Moses bad til Herren. Då slokna elden.
3 Den staden kalla dei Tabera, fordi Herrens eld hadde flamma opp mellom dei der.
4 Rakkarpakket som følgde med dei, var umetteleg. Då tok israelittane òg til å jamra seg att. «Kven kan gje oss kjøt å eta?» sa dei.
5 «Vi minnest fisken vi fritt kunne eta i Egypt, og agurkane, melonane og purren, lauken og kvitlauken.