13 Kvar skal eg få kjøt frå til heile dette folket når dei jamrar seg og seier til meg: «Gjev oss kjøt å eta!»
14 Eg maktar ikkje å bera heile dette folket åleine. Det er for tungt for meg.
15 Er det slik du vil laga det for meg, så drep meg heller med ein gong, så sant eg har funne nåde for auga dine. Lat meg sleppa å sjå mi eiga ulukke!
16 Då sa Herren til Moses: Kall saman for meg sytti mann av dei eldste i Israel, dei du veit er eldste og tilsynsmenn i folket. Ta dei med til teltheilagdomen og lat dei stilla seg der saman med deg!
17 Eg skal koma ned og tala med deg der. Eg skal ta av den anden som er over deg, og leggja over på dei. Dei skal bera børa av folket saman med deg, så du ikkje treng bera åleine.
18 Til folket skal du seia: Helga dykk til i morgon, så skal de få kjøt å eta. For Herren har høyrt at de har jamra og sagt: «Kven kan gje oss kjøt å eta? Vi hadde det betre i Egypt.» No skal Herren gje dykk kjøt.
19 Ikkje éin dag skal de eta det, og ikkje to, ikkje fem dagar eller ti dagar eller tjue dagar,