32 Folket samla vaktlar heile den dagen og heile natta og heile dagen etter. Dei som sanka minst, sanka ti homer. Og dei la dei utover kring heile leiren.
33 Medan kjøtet enno var mellom tennene på dei, før det var togge ferdig, flamma Herrens vreide opp mot folket. Han slo dei med ein frykteleg pest.
34 Denne staden kalla dei Kibrot-Hattaava, for der gravla folket dei som hadde vore grådige.
35 Frå Kibrot-Hattaava drog folket til Haserot, og i Haserot vart dei verande ei tid.