5 «Vi minnest fisken vi fritt kunne eta i Egypt, og agurkane, melonane og purren, lauken og kvitlauken.
6 No visnar vi bort, for her har vi ingen ting. Auga våre ser ikkje anna enn manna.»
7 Mannaen likna korianderfrø og såg ut som bedolah-kvae.
8 Folket sprang utover og sanka. Dei mol han på handkvern eller støytte han i mortar. Så kokte dei han i gryte og laga kaker av han. Smaken var som smaken av kaker baka med olje.
9 Når dogga fall over leiren om natta, fall mannaen med.
10 Moses høyrde folket jamra seg, den eine familien etter den andre, kvar frå inngangen til sitt eige telt. Då flamma Herrens vreide opp. Moses syntest det var ille.
11 Moses sa til Herren: Kvifor gjer du tenaren din så vondt? Kvifor finn eg ikkje nåde for auga dine? Du legg børa av heile folket på meg!