1 Ein gong tok Mirjam og Aron til orde mot Moses på grunn av den kusjittiske kona hans; for han hadde teke seg ei kone frå Kusj.
2 Dei sa: «Er det berre Moses Herren har tala med? Har han ikkje tala med oss òg?» Dette høyrde Herren.
3 Men Moses var ein svært audmjuk mann, meir audmjuk enn noko anna menneske på jorda.
4 Brått sa Herren til Moses og til Aron og Mirjam: «Gå ut til teltheilagdomen, alle tre!» Alle tre gjekk ut.
5 Då steig Herren ned i ei skysøyle og stilte seg i opninga til teltet. Han kalla på Aron og Mirjam, og begge kom fram.