12 Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!»
13 Då ropa Moses til Herren: «Gud, gjer henne frisk!»
14 Men Herren svara Moses: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, måtte ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? Ho skal stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.»
15 Så stengde dei Mirjam ute frå leiren i sju dagar, og folket braut ikkje opp før ho var komen inn att.
16 Men då drog dei vidare frå Haserot og slo leir i Paran-ørkenen.