3 Men Moses var ein svært audmjuk mann, meir audmjuk enn noko anna menneske på jorda.
4 Brått sa Herren til Moses og til Aron og Mirjam: «Gå ut til teltheilagdomen, alle tre!» Alle tre gjekk ut.
5 Då steig Herren ned i ei skysøyle og stilte seg i opninga til teltet. Han kalla på Aron og Mirjam, og begge kom fram.
6 Så sa Herren:Høyr mine ord!Er det ein profet hos dykk?I syn gjev eg meg til kjenne for han,i draumar talar eg til han.
7 Slik er det ikkje med Moses, tenaren min.I heile mitt hus er han den mest trudde.
8 Andlet til andlet talar eg med han,i klåre syn, ikkje i gåter, Herrens skapnad ser han.Kvifor var de ikkje reddefor å ta til orde mot Moses, tenaren min?
9 Herrens vreide flamma opp mot dei, og han gjekk bort.