22 Dei drog opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt.
23 Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann bar han på ei stong. Dei tok òg granateple og fikenar.
24 Den staden vart kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.
25 Då det var gått førti dagar, vende dei attende etter å ha utforska landet.
26 Dei kom til Moses og Aron og heile Israels forsamling i Kadesj i Paran-ørkenen. Dei gav rapport til dei og til heile forsamlinga og viste dei frukta dei hadde med frå landet.
27 Til Moses fortalde dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer verkeleg med mjølk og honning, og dette er frukta som veks der.
28 Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er festningsbyar og svært store. Der såg vi anakittar òg.