1 Då braut forsamlinga ut i høge rop, og folket gret den natta.
2 Alle israelittane klaga til Moses og Aron. Heile forsamlinga ropa til dei: «Berre vi hadde fått døy i Egypt eller her i ørkenen. Berre vi hadde fått døy!
3 Kvifor fører Herren oss til dette landet så vi må falla for sverd og kvinnene og småborna våre bli krigsbytte? Var det ikkje betre for oss å venda attende til Egypt?»
4 Og dei sa til kvarandre: «Vi vel ein leiar og vender attende til Egypt!»