26 Herren sa til Moses og Aron:
27 Kor lenge skal denne vonde forsamlinga klaga til meg? Eg har høyrt korleis israelittane klagar over meg.
28 Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren: Som de har ropa meg i øyret, slik skal eg gjera med dykk.
29 I denne ørkenen skal lika dykkar bli liggjande, alle de som vart mønstra i manntalet, alle frå tjue år og oppover som har klaga over meg.
30 Ingen av dykk skal koma inn i landet som eg med lyft hand svor at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.
31 Men småborna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vraka.
32 Men lika av dykk skal bli liggjande her i ørkenen.