38 Av dei mennene som drog for å utforska landet, fekk berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, leva.
39 Då Moses fortalde dette til israelittane, vart folket gripe av djup sorg.
40 Morgonen etter stod dei tidleg opp og gjekk oppover mot høgdedraget. «Kom», sa dei, «lat oss gå opp til den staden Herren har tala om. For vi har synda.»
41 Men Moses sa: «Kvifor vil de gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast.
42 Gå ikkje opp dit, for Herren er ikkje midt iblant dykk. De kjem berre til å tapa for fiendane dykkar.
43 For der møter de amalekittane og kanaanearane, og då fell de for sverd! Fordi de har vendt dykk bort frå Herren, vil han ikkje vera med dykk.»
44 Likevel var dei trassige og gjekk oppover mot høgdedraget. Men korkje Herrens paktkiste eller Moses forlèt leiren.