15 I forsamlinga skal ei og same ordning gjelda både for dykk og for innflyttarane som held til hos dykk, ei evig ordning gjennom alle slekter. De og innflyttarane skal stå likt for Herren.
16 Same lov og same rett skal gjelda for dykk og for innflyttarane som held til hos dykk.
17 Herren sa til Moses:
18 Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil føra dykk til,
19 og et av det brødet som landet gjev, då skal de gje ei offergåve til Herren.
20 Det første brødet de bakar, skal de gje i offergåve. De skal gjera det på same måten som med offergåva frå treskjevollen.
21 Av det første de bakar, skal de gjennom alle slekter gje Herren eit brød som offergåve.