23 alt det Herren har pålagt dykk gjennom Moses, heilt frå den dagen han gav boda sine, og gjennom alle slekter.
24 Om det vart gjort i vanvare og utan at forsamlinga visste om det, skal heile forsamlinga ofra ein ung okse som brennoffer til godange for Herren, med grødeoffer og drikkoffer slik regelen seier, og ein geitebukk som syndoffer.
25 Presten skal gjera soning for heile Israels forsamling, så dei får tilgjeving. For det var gjort av vanvare, og dei har bore fram offeret sitt, eit gåveoffer til Herren og eit syndoffer for Herrens andlet for det dei gjorde av vanvare.
26 Då skal heile Israels forsamling og innflyttarane som held til hos dykk, få tilgjeving. For heile folket hadde del i aktløysa.
27 Når eit einskilt menneske syndar av vanvare, skal det bera fram ei årsgammal geit som syndoffer.
28 Presten skal gjera soning for Herrens andlet for den som var aktlaus, sidan han synda av vanvare. Når det er gjort soning for han, skal han få tilgjeving.
29 Anten det er ein innfødd israelitt eller ein innflyttar som held til hos dykk, skal ei og same lov gjelda for den som har vore aktlaus.