27 Når eit einskilt menneske syndar av vanvare, skal det bera fram ei årsgammal geit som syndoffer.
28 Presten skal gjera soning for Herrens andlet for den som var aktlaus, sidan han synda av vanvare. Når det er gjort soning for han, skal han få tilgjeving.
29 Anten det er ein innfødd israelitt eller ein innflyttar som held til hos dykk, skal ei og same lov gjelda for den som har vore aktlaus.
30 Men den som med lyft hand spottar Herren, skal støytast ut frå folket sitt, anten han er fødd i landet eller er innflyttar.
31 For han har vist forakt for Herrens ord og brote hans bod. Det mennesket skal støytast ut; det må bera straffa for brotet sitt.
32 Medan israelittane var i ørkenen, kom dei over ein mann som sanka ved på sabbatsdagen.
33 Dei som fann han medan han sanka ved, førte han fram for Moses og Aron og heile forsamlinga.