3 og ber fram for Herren gåveoffer av storfe eller småfe til godange for Herren, anten det er eit brennoffer eller eit slaktoffer for å oppfylla ein lovnad, anten som frivillig gåve eller på ei av høgtidene dykkar,
4 då skal den som ber offeret sitt fram for Herren, koma med eit grødeoffer: ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein fjerdedels hin olje.
5 Saman med brennofferet eller slaktofferet skal du òg gje ein fjerdedels hin vin som drikkoffer for kvart lam.
6 Men er det ein vêr du ofrar, skal grødeofferet vera to tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein tredjedels hin olje,
7 og drikkofferet ein tredjedels hin vin. Du skal ofra det til godange for Herren.
8 Ofrar du ein ung okse som brennoffer eller slaktoffer for å oppfylla ein lovnad eller som eit fredsoffer til Herren,
9 då skal du saman med oksen bera fram som grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein halv hin olje.