4 då skal den som ber offeret sitt fram for Herren, koma med eit grødeoffer: ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein fjerdedels hin olje.
5 Saman med brennofferet eller slaktofferet skal du òg gje ein fjerdedels hin vin som drikkoffer for kvart lam.
6 Men er det ein vêr du ofrar, skal grødeofferet vera to tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein tredjedels hin olje,
7 og drikkofferet ein tredjedels hin vin. Du skal ofra det til godange for Herren.
8 Ofrar du ein ung okse som brennoffer eller slaktoffer for å oppfylla ein lovnad eller som eit fredsoffer til Herren,
9 då skal du saman med oksen bera fram som grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein halv hin olje.
10 Som drikkoffer skal du bera fram ein halv hin vin. Det er eit gåveoffer til godange for Herren.