8 Ofrar du ein ung okse som brennoffer eller slaktoffer for å oppfylla ein lovnad eller som eit fredsoffer til Herren,
9 då skal du saman med oksen bera fram som grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein halv hin olje.
10 Som drikkoffer skal du bera fram ein halv hin vin. Det er eit gåveoffer til godange for Herren.
11 Såleis skal de gjera med kvar okse eller vêr, kvart lam eller kje.
12 Anten de ofrar mange eller få, skal de gjera så med kvart einaste dyr.
13 Alle som er fødde i landet, skal gjera det slik når dei ber fram gåveoffer til godange for Herren.
14 Og når ein innflyttar som bur blant dykk eller ein gong i framtida kjem til å bu mellom dykk, vil bera fram eit gåveoffer til godange for Herren, så skal han gjera det slik de gjer det.