1 Korah, son til Jishar, som var son til Kehat, son til Levi, saman med Datan og Abiram, sønene til Eliab, og On, son til Pelet, Rubens son,
2 gjorde opprør mot Moses. Dei fekk med seg to hundre og femti israelittar som var leiarar i forsamlinga, menn som var peika ut i forsamlinga, og som hadde eit godt namn.
3 No samla dei seg mot Moses og Aron og sa til dei: «No går de for langt! Heile forsamlinga, alle saman, er heilage, og Herren er midt iblant dei. Kvifor vil de då setja dykk over Herrens forsamling?»
4 Då Moses høyrde dette, kasta han seg ned med andletet mot jorda.