15 Då flamma vreiden opp i Moses. Han sa til Herren: «Ta ikkje imot offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»
16 Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile forsamlinga di stiga fram for Herren saman med Aron.
17 De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar mann skal bera si eiga glopanne fram for Herren, to hundre og femti glopanner. Du og Aron skal òg ta kvar si glopanne.»
18 Så tok kvar mann si glopanne, hadde glødande kol i dei og la røykjelse på. Så stilte dei seg i opninga til teltheilagdomen saman med Moses og Aron.
19 Korah samla heile forsamlinga mot dei ved opninga til teltheilagdomen.Då synte Herrens herlegdom seg for heile forsamlinga.
20 Herren sa til Moses og Aron:
21 «Skil dykk ut frå denne forsamlinga, så skal eg fortæra dei på ein augneblink!»