21 «Skil dykk ut frå denne forsamlinga, så skal eg fortæra dei på ein augneblink!»
22 Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Gud, Gud over livsanden i alt som er av kjøt og blod! Blir du harm på heile forsamlinga fordi éin mann syndar?»
23 Herren sa til Moses:
24 «Tal til forsamlinga og sei: Hald dykk borte frå plassen omkring bustaden til Korah, Datan og Abiram!»
25 Moses reiste seg og gjekk bort til Datan og Abiram, og Israels eldste følgde han.
26 Han sa til forsamlinga: «Vend dykk bort frå telta til desse lovlause mennene, og rør ikkje noko som er deira. Elles blir de òg rivne bort på grunn av alle syndene deira.»
27 Då gjekk dei bort frå området kring bustaden til Korah, Datan og Abiram. Datan og Abiram var komne ut og stod framfor teltdøra saman med konene, dei vaksne borna og småborna sine.