28 Moses sa: «Ved dette skal de vita at det er Herren som har sendt meg for å gjera alle desse gjerningane, det er ikkje frå mitt eige hjarte.
29 Dersom desse døyr på same måten som andre menneske og blir ramma som alle andre, då har ikkje Herren sendt meg.
30 Men dersom Herren viser si skaparmakt slik at jorda opnar gapet og sluker dei og alt som høyrer dei til, så dei fer levande ned til dødsriket, då skal de vita at desse mennene har forakta Herren.»
31 Med det same han hadde sagt dette, rivna jorda under dei.
32 Jorda opna gapet og slukte både dei og bustaden deira, alle som heldt med Korah, og alt det dei eigde.
33 Dei og alle som høyrde dei til, fór levande ned til dødsriket. Jorda gøymde dei, og slik vart dei utrydda frå forsamlinga.
34 Alle israelittane som stod omkring dei, flykta då dei høyrde skriket deira. «Elles kan jorda sluka oss òg», sa dei.