40 Dette skulle minna israelittane om at ingen framand, ingen som ikkje var av Arons ætt, skulle brenna røykjelse for Herrens andlet og vera lik Korah og forsamlinga hans. Elasar gjorde som Herren hadde sagt til han gjennom Moses.
41 Dagen etter klaga heile Israels forsamling til Moses og Aron. «Det er de som har drepe Herrens folk!» sa dei.
42 Men når forsamlinga no slo seg saman mot Moses og Aron, vende dei seg begge mot teltheilagdomen. Og sjå, skya låg over teltet, og Herrens herlegdom synte seg.
43 Då gjekk Moses og Aron fram for teltheilagdomen.
44 Herren sa til Moses:
45 «Gå bort frå denne forsamlinga, så skal eg fortæra dei på ein augneblink.» Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda.
46 Og Moses sa til Aron: «Ta glopanna, legg glør frå altaret i henne og ha røykjelse oppå. Skund deg bort til forsamlinga og gjer soning for dei! For vreide er gått ut frå Herren, det har brote ut pest!»