41 Dagen etter klaga heile Israels forsamling til Moses og Aron. «Det er de som har drepe Herrens folk!» sa dei.
42 Men når forsamlinga no slo seg saman mot Moses og Aron, vende dei seg begge mot teltheilagdomen. Og sjå, skya låg over teltet, og Herrens herlegdom synte seg.
43 Då gjekk Moses og Aron fram for teltheilagdomen.
44 Herren sa til Moses:
45 «Gå bort frå denne forsamlinga, så skal eg fortæra dei på ein augneblink.» Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda.
46 Og Moses sa til Aron: «Ta glopanna, legg glør frå altaret i henne og ha røykjelse oppå. Skund deg bort til forsamlinga og gjer soning for dei! For vreide er gått ut frå Herren, det har brote ut pest!»
47 Aron gjorde som Moses hadde sagt. Han tok glopanna og sprang midt inn i forsamlinga. Og sjå, pesten hadde alt brote ut mellom folket. Han la røykjelse på glørne og gjorde soning for folket.