5 Så sa han til Korah og heile forsamlinga hans: «I morgon vil Herren visa kven som er heilag og høyrer han til, så han kan koma han nær. Den som Herren vel ut, får koma han nær.
6 Slik skal de gjera: Korah og heile forsamlinga hans, ta dykk glopanner,
7 ha gloande kol i dei og legg røykjelse oppå for Herrens andlet i morgon. Den mannen som Herren då vel ut, han skal vera heilag. Det er de som går for langt, de Levi-søner!»
8 Så sa Moses til Korah: «Høyr no her, levittar!
9 Er det ikkje nok for dykk at Israels Gud har skilt dykk ut frå forsamlinga for å føra dykk nær til seg, så de får gjera teneste i Herrens bustad og stå framfor forsamlinga og tena henne?
10 Han har late deg og alle brørne dine, levittane, koma nær til seg. Og no vil de ha prestetenesta òg!
11 I sanning, det er mot Herren du og heile forsamlinga di har slege dykk saman. Men Aron, kva er han, sidan de klagar over han?»