10 I det høgheilage skal du eta det. Berre menn skal eta det. Det skal vera heilagt for deg.
11 Av offergåvene som israelittane gjev, skal dette òg høyra deg til: Alle offer som dei svingar, gjev eg deg og sønene og døtrene dine som ei evig forskrift. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av dei.
12 Alt det beste av fin olje og ny vin og korn, det første som dei ofrar til Herren, gjev eg deg.
13 Førstegrøda av alt som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera ditt. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av det.
14 Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha.
15 Alt som opnar morslivet, alt av kjøt og blod som dei ber fram for Herren, både menneske og dyr, skal høyra deg til. Men det som er førstefødd av menneske, og det som er førstefødd av ureine dyr, skal du la dei løysa ut.
16 Løysesummen gjeld frå dei er ein månad gamle, og verdien du gjev dei, skal vera fem sjekel sølv etter vekta i heilagdomen. Der er ein sjekel tjue gera.