12 Alt det beste av fin olje og ny vin og korn, det første som dei ofrar til Herren, gjev eg deg.
13 Førstegrøda av alt som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera ditt. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av det.
14 Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha.
15 Alt som opnar morslivet, alt av kjøt og blod som dei ber fram for Herren, både menneske og dyr, skal høyra deg til. Men det som er førstefødd av menneske, og det som er førstefødd av ureine dyr, skal du la dei løysa ut.
16 Løysesummen gjeld frå dei er ein månad gamle, og verdien du gjev dei, skal vera fem sjekel sølv etter vekta i heilagdomen. Der er ein sjekel tjue gera.
17 Men dei førstefødde av kyr, sauer og geiter kan du ikkje løysa ut; dei er heilage. Blodet deira skal du stenka på altaret, og feittet skal du brenna. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.
18 Men kjøtet skal høyra deg til, saman med brystet som blir svinga, og det høgre låret.