16 Løysesummen gjeld frå dei er ein månad gamle, og verdien du gjev dei, skal vera fem sjekel sølv etter vekta i heilagdomen. Der er ein sjekel tjue gera.
17 Men dei førstefødde av kyr, sauer og geiter kan du ikkje løysa ut; dei er heilage. Blodet deira skal du stenka på altaret, og feittet skal du brenna. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.
18 Men kjøtet skal høyra deg til, saman med brystet som blir svinga, og det høgre låret.
19 Alle heilage gåver som israelittane kjem fram for Herren med, gjev eg deg og sønene og døtrene dine som ei evig forskrift. Dette er ei evig saltpakt for Herrens andlet for deg og di ætt saman med deg.
20 Herren sa til Aron: I landet deira får du ingen eigedom til arv; ingen del skal du ha mellom dei. Eg er din arv og del mellom israelittane.
21 Men eg lèt levittane få all tienda i Israel til arv. Det får dei som løn for arbeidet sitt, for tenesta ved teltheilagdomen.
22 Dei andre israelittane må aldri meir koma nær teltheilagdomen, så dei ikkje fører skuld over seg og må døy.