2 Brørne dine, Levi-stammen, stammen til far din, skal du òg ta med deg. Dei skal vera knytte til deg og hjelpa deg når du og sønene dine står framfor teltet med vitnemålet.
3 Dei skal gjera teneste for deg og vakta heile teltet. Men dei må ikkje koma nær det heilage utstyret eller altaret. For då skal de døy, både de og dei.
4 Dei skal vera knytte til deg og halda vakt over teltheilagdomen og alt arbeidet i teltet. Ingen framand må koma dykk nær.
5 De skal halda vakt ved heilagdomen og ved altaret, slik at vreide ikkje skal koma over israelittane.
6 Sjå, det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, frå dei andre israelittane. Dei er ei gåve til dykk og overgjevne til Herren for å gjera arbeid i teltheilagdomen.
7 Du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta. Alt som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget, skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men ein framand som gjer tenesta, skal døy.
8 Herren sa til Aron: Sjå, eg gjev deg ansvaret for alle offergåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine som dykkar del. Dette skal vera ei evig forskrift.