20 Herren sa til Aron: I landet deira får du ingen eigedom til arv; ingen del skal du ha mellom dei. Eg er din arv og del mellom israelittane.
21 Men eg lèt levittane få all tienda i Israel til arv. Det får dei som løn for arbeidet sitt, for tenesta ved teltheilagdomen.
22 Dei andre israelittane må aldri meir koma nær teltheilagdomen, så dei ikkje fører skuld over seg og må døy.
23 Det er levittane som skal gjera teneste ved teltheilagdomen og bera straffa for deira synder. Dette er ei evig ordning gjennom alle slekter.Men mellom israelittane skal dei ikkje ha jordeigedom til arv.
24 For det er tienda, den offergåva som israelittane kjem fram for Herren med, eg lèt levittane få til arv. Difor har eg sagt til dei at dei ikkje får jordeigedom til arv mellom israelittane.
25 Herren sa til Moses:
26 Du skal tala til levittane og seia til dei: Når de tek imot tiend frå israelittane, den delen som eg lèt dykk få frå dei, den som er dykkar i staden for jordeigedom, då skal de ta ein tiandepart av tienda og gje som offergåve til Herren.