4 Dei skal vera knytte til deg og halda vakt over teltheilagdomen og alt arbeidet i teltet. Ingen framand må koma dykk nær.
5 De skal halda vakt ved heilagdomen og ved altaret, slik at vreide ikkje skal koma over israelittane.
6 Sjå, det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, frå dei andre israelittane. Dei er ei gåve til dykk og overgjevne til Herren for å gjera arbeid i teltheilagdomen.
7 Du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta. Alt som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget, skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men ein framand som gjer tenesta, skal døy.
8 Herren sa til Aron: Sjå, eg gjev deg ansvaret for alle offergåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine som dykkar del. Dette skal vera ei evig forskrift.
9 Av alle dei høgheilage offera som blir tekne ut av elden, skal dette høyra deg til: Alle deira offer, alle grødeoffera, syndoffera og skuldoffera, det dei ber fram for meg som høgheilage offer, alt dette skal høyra deg og sønene dine til.
10 I det høgheilage skal du eta det. Berre menn skal eta det. Det skal vera heilagt for deg.