15 Og kvart ope kar som det ikkje er lagt lok på, er ureint.
16 Kvar den som er ute på marka og rører ved ein som er fallen for sverd eller ein som har døydd på annan måte, eller rører ved eit menneskebein eller ei grav, skal vera urein i sju dagar.
17 Når dei vil reinsa den ureine, skal dei ta noko av oska etter syndofferet som er brent, ha henne opp i eit kar og slå friskt vatn over.
18 Ein mann som er rein, skal ta isop og dyppa i vatnet. Så skal han skvetta det på teltet, på alle tinga og menneska som var der, og på han som rørte ved eit bein eller ved ein som var drepen eller var død på annan måte, eller rørte ved ei grav.
19 Den som er rein, skal skvetta det på den ureine den tredje og den sjuande dagen. Når den ureine blir rein på den sjuande dagen, skal han vaska kleda sine og bada i vatn. Om kvelden er han rein.
20 Den som har vorte urein og ikkje reinsar seg, skal støytast ut frå forsamlinga. For han har gjort Herrens heilagdom urein. Sidan det ikkje er stenka reinsingsvatn på han, er han urein.
21 Dette skal vera ei evig forskrift for dei. Den som skvette reinsingsvatnet, skal vaska kleda sine. Om nokon rører ved reinsingsvatnet, skal han vera urein heilt til kvelds.