4 Presten Elasar skal ta noko av blodet hennar på fingeren og skvetta det sju gonger mot framsida av teltheilagdomen.
5 Så skal kviga brennast medan han ser på. Både huda, kjøtet, blodet og mageinnhaldet skal brennast.
6 Presten skal ta sedertre, isop og karmosinraud ull og kasta det på elden der kviga blir brend.
7 Sidan skal han vaska kleda sine og bada kroppen i vatn, og så kan han koma inn i leiren. Men han skal vera urein heilt til kvelds.
8 Den mannen som har brent kviga, skal òg vaska kleda sine i vatn og bada kroppen i vatn, og han skal vera urein heilt til kvelds.
9 Ein mann som er rein, skal samla opp oska av kviga og leggja henne på ein rein stad utanfor leiren. Der skal ho gøymast for forsamlinga av israelittar og brukast i reinsingsvatn. Det er eit syndoffer.
10 Den som samlar opp oska av kviga, skal vaska kleda sine og vera urein heilt til kvelds. Dette skal vera ei evig forskrift for israelittane og for innflyttaren som bur mellom dei.