8 Den mannen som har brent kviga, skal òg vaska kleda sine i vatn og bada kroppen i vatn, og han skal vera urein heilt til kvelds.
9 Ein mann som er rein, skal samla opp oska av kviga og leggja henne på ein rein stad utanfor leiren. Der skal ho gøymast for forsamlinga av israelittar og brukast i reinsingsvatn. Det er eit syndoffer.
10 Den som samlar opp oska av kviga, skal vaska kleda sine og vera urein heilt til kvelds. Dette skal vera ei evig forskrift for israelittane og for innflyttaren som bur mellom dei.
11 Den som rører ved liket av eit menneske, skal vera urein i sju dagar.
12 Han skal reinsa seg på den tredje og den sjuande dagen, så han blir rein. Reinsar han seg ikkje den tredje og den sjuande dagen, blir han ikkje rein.
13 Kvar den som rører ved eit lik, eit dødt menneske, og ikkje reinsar seg for synd, gjer Herrens bustad urein og skal ryddast ut av Israel. Sidan det ikkje er stenka reinsingsvatn på han, er han urein. Ureinskapen heng framleis ved han.
14 Dette seier lova: Når eit menneske døyr i eit telt, skal alle som kjem inn i teltet, og alle som er i det, vera ureine i sju dagar.