11 og 46 500 er mønstra i hæren hans.
12 Simon-stammen skal slå leir ved sida av. Sjelumiel, son til Surisjaddai, er leiar for Simon-sønene,
13 og 59 300 er mønstra i hæren hans.
14 Så kjem Gad-stammen. Eljasaf, son til De'uel, er leiar for Gad-sønene,
15 og 45 650 er mønstra i hæren hans.
16 Dei som er mønstra i Ruben-leiren, er i alt 151 450, hæravdeling for hæravdeling. Desse skal bryta opp som nummer to.
17 Teltheilagdomen skal førast ut når levittleiren bryt opp; han er midt mellom dei andre leirane.Slik dei slår leir, skal dei bryta opp, kvar på sin plass og under sitt banner.