27 Asjer-stammen skal slå leir ved sida av. Pagiel, son til Okran, er leiar for Asjer-sønene,
28 og 41 500 er mønstra i hæren hans.
29 Så kjem Naftali-stammen. Ahira, son til Enan, er leiar for Naftali-sønene,
30 og 53 400 er mønstra i hæren hans.
31 Dei som er mønstra i Dan-hæren, er i alt 157 600. Desse skal bryta opp til slutt under sine banner.
32 Dette er dei israelittane som vart mønstra, familie for familie. Talet på dei som vart mønstra i leirane, hæravdeling for hæravdeling, var i alt 603 550.
33 Men levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, for dette hadde Herren pålagt Moses.