1 Så kom heile forsamlinga av israelittar til Sin-ørkenen. Det var i den første månaden, og dei slo seg ned i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.
2 Men det var ikkje vatn til dei, og dei slo seg saman mot Moses og mot Aron.
3 Folket tretta med Moses og sa: «Gjev vi hadde omkome då brørne våre omkom for Herrens andlet!
4 Kvifor har de ført Herrens forsamling ut i denne ørkenen så vi må døy her, både vi og feet vårt?
5 Kvifor førte de oss opp frå Egypt når de lét oss koma til denne elendige staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vinstokk eller granateple, og ikkje vatn å drikka?»
6 Moses og Aron gjekk bort frå forsamlinga til opninga i teltheilagdomen. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei,
7 og Herren sa til Moses: