10 Han og Aron kalla forsamlinga saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de opprørarar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma ut til dykk frå dette berget?»
11 Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då fossa vatnet fram, og både folket og buskapen deira drakk.
12 Men Herren sa til Moses og Aron: «De trudde ikkje på meg og helga meg ikkje for auga på israelittane. Difor skal de ikkje få føra denne forsamlinga inn i det landet eg har gjeve dei.»
13 Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han viste at han er heilag.
14 Frå Kadesj sende Moses bodberarar til kongen i Edom: «Så seier Israel, bror din: Du veit kor mange vanskar vi har møtt.
15 Fedrane våre drog ned til Egypt, og vi budde i Egypt i lang tid. Men egyptarane mishandla oss og fedrane våre.
16 Då ropa vi til Herren, og han høyrde ropa våre. Han sende ein engel og førte oss ut frå Egypt. Sjå, no er vi i Kadesj, ein by som ligg nær grensa til landet ditt.