21 Edom nekta israelittane å fara gjennom landet hans, og Israel bøygde av.
22 Så braut dei opp frå Kadesj, og heile Israels forsamling kom til Hor-fjellet.
23 Herren tala til Moses og Aron på Hor-fjellet, ved grensa mot Edom-landet. Han sa:
24 «No skal Aron bli sameina med folket sitt. Han får ikkje koma inn i det landet eg har gjeve israelittane, for de sette dykk opp mot det eg sa ved Meriba-kjelda.
25 Ta Aron og Elasar, son hans, og før dei opp på Hor-fjellet.
26 Ta prestekleda av Aron og kle dei på Elasar, son hans! For der skal Aron bli sameina med folket sitt og døy.»
27 Moses gjorde som Herren hadde pålagt han. Medan heile forsamlinga såg på, steig dei opp på Hor-fjellet.